Stølsdag på Hamarbøenstølen

Velkommen til Stølsdag i Havsdalen den 2. august kl. 11.00-16:00. Ein dag rik på opplevingar for store og små!

Familien Hamarsbøen saman med frivillige og private, inviterer til stølsdag på Hamarsbøstølen i Havsdalen.

Det blir sal av mat og drikke og andre produkt. Natursti med spørsmål for einkvar, høyr om bjølletradisjonar, sjå smiding, lære å slå med ljå eller sliping. Ta med kniv og få den kvass att.

PROGRAM STØLSDAGEN:

-Salsbodane opnar kl. 11:00

-11:30 Føredrag, Olav Randen: Historia og bakgrunn før stølsdrifta/Markvandring med Birgitte Lindhjem
-
-12:15 Gjetarhundoppvisning

-13:00 Historie om Haugafolket med koret Bris

-13:45 Føredrag, Magnus Boysen: 100 år som hyttenabo i stølsgrenda/Markvandring med Birgitte Lindhjem
-
-14.30 Musikalske innslag v/Rose Logan og Vemund Olav Aukrust. Skotsk og norske folkemusikk, mykje knyt til støl og utmark
-
-15.15 Bli med og hente kyrne heim til Mjølking

Praktiske opplysningar:
- Adresse Havsdalsvegen 212.
- Betaling for å køyre Havsdalsvegen kr.30,-
- Kun handicap-parkering på stølen, ellers er det få P-plassar langs vegen inn.
- Gratis parkering på Havsdalsenteret, 800 m å gå (veg/sti)

Inngang kr 100,- for vaksne (16 år), barn gratis.

Om