Holsdagen 2024

Bondebryllaup på Holsdagen viser korleis eit gjestebod vart gjennomført på 1800-talet i Hallingdal. Arrangementet legg sterk vekt på å vera tradisjonsretta, og har vore arrangert kvart år sidan 1957. Holsdagen er også starten på en hel uke med flere aktiviteter Nasjonalparkdagane.

HJARTELEG VELKOMNE TIL HOLSDAGEN
Bondebryllaup på gamlemåten! Holsdagen syner fram korleis eit bondebryllaup vart gjennomført på 1800-talet i Øvre Hallingdal, og har vore arrangert årleg sidan 1957. Her kan du oppleve fleire av dei fremste utøvarane innan spel, song og dans frå Hallingdal, lære om lokale bryllaupsskikkar og få glimt frå historiske hendingar.

Holsdagen er ein viktig formidlar av lokal folkemusikk og folkedans, lokale bryllaupsskikkar, mattradisjonar og lokalhistorie. Arrangementet formidlar òg den særskilde drakttradisjonen som finst i Øvre Hallingdal, både innan ulike folkedrakter og hovudplagg.

Arrangementet startar med vigsle i Hol Gamle Kyrkje, og fortset så med brudeferd til hest langs Holsfjorden med påfølgande kulturprogram på Hol Bygdamuseum.

Bli med på årets gjestebod!
Les meir på våre heimesider: www.bondebryllaup.no.
Vil du vera med i brudeferda? Ta kontakt med [email protected] / [email protected].

Om kvelden kan du vera med på Holsdagsfesten som er på Bardøla høgfjellshotell - ta kontakt med hotellet for billettar.

PROGRAM
Kl. 11.00: Messe med vigsle av brudeparet i Hol gamle kyrkje. Det er fri tilgang til kyrkja etter at alle med bunadar som er med i brudefølgjet, har teke plass.

Kl. 11.30: Brylluppsferda startar frå Hol gamle kyrkje og går langs fylkesveg 50 til bryllupsgarden i Hol bygdemuseum.

Kl. 12.45: Brudefølget kjem til gards på Hol bygdemuseum ved Hagafoss. Dei blir helsa med lurblåsing Anne Marie Kollhus. Fyritalsmennene orienterer på norsk og engelsk om brureskikkar og tradisjonar.

Innimellom innslaga blir det orientert om gjestebodstradisjonar m.m. av fyritalsmennene på engelsk og norsk. Det blir sal av mat og drikke i bryllupsgarden. Etter gjestebodet er det mogleg å få omvisning i dei gamle husa.

Kl. 20.30: Holsdagsfest på Bardøla – eigne billettar kjøper du på hotellet.

Kilde: http://www.bondebryllaup.no/

Om

Fasiliteter