Hol Bygdemuseum

Hol Bygdemuseum ligg fint plassert ved Hagafoss i Hol kommune, og er bygd opp som ein gamal gard frå Hol, med husmannsplass og støl. Museet vart skipa 8. november 1914, og har i alt 17 hus frå ulike stadar i Hol kommune, dei fleste frå 1700- og 1800-talet.

I utstillingsbygget kan ein sjå utstilte rosemåla gjenstandar, og folkedrakter frå området, som syner korleis folk gjekk kledd i Øvre Hallingdal før i tida. Museet har òg to fint rosemåla stover: Stasstova frå Nestegard i Hovet, rosemåla av hallingen Kittil Rygg (d. 1809), og kårstova frå Raunsgard i Ustedalen, rosemåla av gudbrandsdølen Kristen Aanstad (1746-1832).

Hol Bygdemuseum drivast av Hallingdal Museum, som òg har ansvar for fleire andre hus i kommunen: Dokken Fjellgard i Sudndalen, Prestestugu og Tingstugu ved Hol gamle kyrkje, Nord-Hovet gamle skule og ei stove etter familien Øvrevollseie i Hovet. Me har i tillegg omvisingar i Hol gamle kyrkje.

Ta gjerne kontakt med Hallingdal Museum om de ynskjer gruppeomvising. Museet er òg positive til samarbeid med friviljuge, lag og andre kulturaktørar. Ta kontakt for mogelege samarbeid eller ynskje om arrangement på Hol Bygdemuseum, Dokken Fjellgard, Nord-Hovet gamle skule, Tingstugu, Prestestugu eller stova frå Øvrevollseige.

For informasjon om våre arrangement, sjå på nettsiden til Hallingdal museum eller på Facebook siden til Hallingdal museum.

Om