Dokken i Sudndalen

Hol kommune overtok Dokken i Sudndalen i 1959. Her står dei gamle husa (7 stk. + oppattbygd smiu) på same staden som dei vart bygde i åra 1795 - 1798.

Dokken Fjellgard ligg idyllisk til i Sudndalen i Hol kommune, og historia til garden strekkjer seg fleire hundre år attende i tid. Frå gamal av høyrde garden inn under søre Skøro. Dokken vart skild ut som eige bruk i 1770, og vart i 1795 seld til Ola Ellingson frå nordre Villand i Hovet. Då Ola kjøpte Dokken sto husa nede ved vegen, men Ola fekk flytt garden opp til den noverande plasseringa, og bygde så dei husa som framleis står på garden. Ola Ellingson var ein dugande kar, og vart sett høgt i bygda. Det var vel ikkje utan grunn av han vart kalla «Sudndalskongen».

I 1959 kjøpte Hol kommune Dokken av dåverande eigar Johannes Myhren, og restaurerte alle husa. I dag kan du framleis sjå dei originale husa i Dokken frå sist på 1700-talet, samt ei badstove frå Skøro og ei ny smie frå 1985.

Dokken Fjellgard drivast av Hallingdal Museum. Ta gjerne kontakt med museet om de ynskjer omvising. Museet er òg positive til samarbeid med friviljuge, lag og andre kulturaktørar, ta gjerne kontakt for mogeleg samarbeid eller ynskje om arrangement på Dokken Fjellgard.

For informasjon om arrangement, sjå på nettsiden til Hallingdal Museum og på Facebook siden.

Opningstider
Dokken Fjellgard er ope med høve til å sjå inn i husa på arrangementsdagane, open dag i juni og slåttedagen i august. Tunet kan vitjast når som helst, og omvising kan gjerast etter avtale!

Du kan sjå alle husa på Dokken Fjellgard på Digitalt Museum.