Sommerkonsertene Hol

Hol kan invitere til sommerkonserter i Hol Gamle Kyrkje.

05.07 Ole Paus kl. 20
Ole Paus fylte i år 75 år. Han har i mange år både gleda og irritert nordmenn med sine tekstar, og var ein av dei mest sentrale musikarane under «Visebølga» i Norge på 1970 talet. Han står bak fleire folkekjære songar, mest kjent er truleg «Mitt lille land», «Innerst i sjelen» og «Engler i sneen». Til Hol gamle kyrkje kjem Ole Paus saman med gitaren sin og vi gje oss ein sommarkveld med lun song og låge skuldre.
Kjøp billettar på Hallingbillett.no

12.07 Ramona Fossly med venner kl. 20
Ramona Fossly er yngst av 3 systrer, alle med musikalske talent. Ramona har siste året vore I Nashville, Tennessee og studert musikk. På konserten i Hol gamle kyrkje har ho med seg to venninner, Hanna Gravdal og Leyla Holtan. Me kan love dykk spennande musikk!
Billettar får du kjøpt på Hallingbillett.no og i døra!

19.07 Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde kl. 20
Espen Wensaas, gitarist og multiinstrumentalist, er født og vaks opp på Geilo, no busett i Oslo. Han er anerkjent som ein av dei leiande utøvarane av norsk og skandinavisk folkemusikk, og har samarbeidd med ei rekke artistar. I mai kom Espen og Bjørn Kåre ut med ei plate saman med folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Bjørn Kåre er frå Lom, spelar fele og komponerer musikk og var årets folkemusiker under Folkelarmprisen i 2019.
Billettar får du kjøpt på Hallingbillett.no og i døra!

26.07 Øystein og Stian Nicolaisen, far og sønn på torader og femrader kl. 20
Øystein Nicolaisen, født på Ål, no busett i Gudbrandsdalen, er ein av dei aller fremste utøvarane på torader og trekkspel. Han har gjennom åra vunne det som vinnast kan på ulike kappleikar, han har spelt inn fleire plater, han har komponert mang ein melodi, og i mange år har han vore svært ivrig med å få lært opp nye spelemenn på torader slik at tradisjonen blir boren vidare.

På konserten i Hol gamle kyrkje har han med seg sonen Stian, 18 år, som også har vorte ein framifrå utøvar.
Billettar får du kjøpt på Hallingbillett.no og i døra!

Kilde: hol.kirken.no

Om

Fasiliteter